Bokomtale

Egen fri vilje av Kristin Dons-Wallebek

28/07/2022bokbloggeren

Kjell Magne Gjøsæter

 

Privatetterforsker Louise Bøkker er tilbake i denne frittstående thrilleren, som byr på eit finurlig plott og ein interessant tematikk.

  • Norsk tittel: Egen fri vilje
  • Forfattar: Kristin Dons-Wallebek
  • Sjanger: Thriller
  • Antall sider: 268
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Owal Forlag

Kristin Dons-Wallebek (Født 1953) bur i Larvik. Ho er utdanna innan økonomi og reiseliv, sidan utdanna ho seg til sjukepleiar. No er ho sjøvstendig næringsdrivande og har etablert Owal Forlag. Boka «Bak hver en dør» som kom ut i 2020, er hennes debutbok. I 2022 gav ho ut thrilleren «Egen fri vilje».

 

Privatetterforsker Louise Bøkker bestemmer seg for å ta en velfortjent ferie på Kreta, men ferien tar raskt en grusom vending.
Levningene av et menneske blir funnet midt i Louises ferieparadis, og hun kastes inn i en etterforskning. Og verre skal det bli. Mye verre.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Egen fri vilje».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein frittstående thriller med Louise Bøkker i hovedrollen, og med Larvik og Kreta som plassering for historien.

Boka starter med at eit lite barn finn noko på stranda, og roper på sin mor. Ein slik start er eit godt verkemiddel og forfattar får leseren interessert frå fyrste side av.

Lise Jensen er verge for ein aggressiv mann, som stadig treng penger. Dette fører til at ho vert trua, og ting byrjar å hende rundt ho som person. Men kven står bak? Det vert krangling om arv, og hatet bruser. Familier vert splittet og dei går kvar sine veger. Men ein midtsommerfest binder dei alle saman, og ting kjem til overflata att… Og det er her Louise Bøkker kjem inn i biletet med sin privatetterforskning. Me vart kjent med denne karakteren i «Bak hver en dør», men utover det er det ingen kopling mellom desse bøkene.

Forfattar er sjølv verge, og har i så måte inngående kjennskap til dette temaet, og det spiller ho på. Å vere verge vert eit viktig tema i boka, og er på mange måter grunnstammen for heile historien. Dons-Wallebek tar oss med inn i kvardagen til ein verge, og det som fylgjer med. Det er ingen dans på roser ho skildrer i denne thrilleren, og viser den mørke baksiden av det å vere verge. Dette er i seg sjølv interessant, og forfattar har gjort ein god jobb med å integrere dette inn i historia.

Eg synes at i starten av boka vart det ein del unødvendige lange forklarende setninger. Det skal sies at språket veks utover i romanen, i ein kombinasjon med at ein vert familiær med Dons-Wallebek skrivemåte og tankegang bak romanen.

Hun tenkte systematisk gjennom listen av vergemål. Det var flere som hadde mye gjeld, gjeld hun ikke mottok faktura på. Hun hadde forsøkt å finne ut hvem som hadde ringt henne i mai, ved å sjekke ut mobilnummeret, men det ga henne ikke noe svar. Det kunne være både den ene og den andre av dem hun var verge for. Hun var verge for flere.

Me fylgjer fleire personer parallellt med kvarandre, og i starten kan ein bli litt overvelda av alle navn og relasjoner. Forfatter har likevel vert flink til å gjenta relasjonene, slik at ein kjem relativt raskt inn i det.

Karakterene er levende og godt skildra. Det er mange motsetninger som igjen fører til konflikter som driver romanen videre. Eg skulle gjerne sett at forfattar hadde større variasjon i navnene. Eg synes fleire av dei vart litt for like, slik at det blei forvirrende. Patrick og Philip og Louise og Lise er lett å forveksle…

Louise Bøkker etterforsker litt på eiga hand før ho etterkvart samarbeider med politiet. Det er likevel ikkje krimdelen som er fremtredende, sjølv om den opptar ein stor plass i romanen. Det er ei nerve som ligg og vaker under overflata, der fleire personer har sine hemmeligheter. Sakte, men sikkert kjem forfattar med drypp frå fortida, og på denne måten former ho karakterene til levende enkeltindivider. Sjølve historien og intrigen som ligg der er det som er fremtredende. Det psykiske spillet og dei fysiske handlingene.

Han hørte ytterdøren ble skjøvet opp. Den vanlige knirkingen. Dørhåndtaket på ytterdøren slo mot veggen. En blanding av redsel og lettelse bredte seg i ham. Skrittene kom nærmere. Han stirret på døren mellom gangen og kjøkkenet. Han skrek ut et slags hyl og ble stående stiv å stirre rett inn i et sort, tildekket ansikt. Den høye skikkelsen var kledd i sort plastdrakt.

Eg som leser får innsyn i det som skjer frå forskjellige personer, og på denne måten får me meir informasjon enn politiet og privatetterforsker og ligg dermed eit steg foran heile vegen. Dette fungerer fint, men til gjengjeld går det utover overraskelsesmomenta. Nokre ting virker veldig opplagt, men er det så opplagt som det ser ut som? Det er berre eit av mange spørsmål ein sitter med medan ein les.

Handlinga foregår hovedsaklig i Larvik og Kreta. Ein får nokre gode miljøskildringer frå desse plassene, men det er ikkje dette forfattar har som hovedvekt i sin roman.

Det er ikkje direkte kapitler i boka, men tydelige avsnitt. Dette er oversiktlig og fungerer heilt utmerket. Dei er relativt korte, og gjer boka lesevennlig. Drivet i boka er bra, sjølv om det innimellom blir litt opphold i spenningsnivået når ein skal setja leser inn i vergemål, statsforvalter og formålet rundt det å ha ein verge. Men sidan dette er eit viktig tema i boka, så er det også uungåelig.

Forfatter skildrer dysfunksjonelle familier, og kor galt det kan gå når ting byrjar å komme ut av kontroll. Kven kan ein stole på, og kva for baktanker har personene egentlig? Her synes eg at forfattar er meget dyktig til å skape eit godt univers der ting definitivt ikkje er som det skal.

Han stanset et par meter fra henne. Hun så at han fylte lungene. Så kom brølet. Aldri hadde hun opplevd en slik reaksjon. Det var voldsomt, og hårene reiste seg på kroppen, musklene var i helspenn som for å hjelpe henne til å holde kroppen oppe.

Nokre få enkeltepisoder vart for meg lite troverdige. Ved fyrste øyekast så treng ein nødvendigvis ikkje legge merke til det, eller tenke over det. Når ein skriver ein bokanmeldelse, går ein ofte litt dypere ned i materien og analyserer på ein heilt anna måte enn når ein les ei bok kun for underholdningens skyld. Nokre av personene vert fadet ut av historia, og andre karakterer tar over. Det fungerer fint, men skulle gjerne sett at ein fekk ein liten oppdatering rundt desse personene på slutten.

Plottet er gjennomført og godt utført. Det er mange lause tråder, men her har forfattar stålkontroll og fletter alt saman på ein elegant måte. Språket følte eg starta litt vaklende, men tar seg veldig godt opp utover. Det er alltid eit positivt teikn at forfattar veks i takt med utviklinga i romanen. Det må også legges til at forfattar står bak det aller meste av arbeidet rundt boka sjølv. Noko som er imponerende.

Drivet i boka er godt, og ein sit der og berre «må» lesa ei side til. Boka er velskrevet og det er lite stillstand å oppdrive når historia er kommet skikkelig i gang. Det er eit finurlig plott som forfattar serverer oss, og eg gleder meg allereie til neste bok med Louise Bøkker i hovedrollen.

«Egen fri vilje» er ein sakte oppbyggende thriller-roman som innehar nerve og spenning. Historia er fortalt gjennom parallelle historier sett frå karakterenes ståsted. Dette skaper eit unikt innsyn i plott og tankegang. Dons-Wallebek setter fokuset på verge og vergemål på ein bunnsolid måte.

TERNINGKAST: 4